Velkomen til LOFTHUS CAMPING

NorskEnglishDeutschNederlands

Midt i frukthagen på Lofthus ynskjer me dykk
velkomne til hyggeleg opphald hjå familien Helleland

Lofthus


Lofthus ligg i hjarta av Hardanger og er kjend for sin vakre natur og tusenar frukttre. Idyllisk plassert mellom fjord, fjell, fonn og fossefall vart Lofthus ein kjær plass for Edvard Grieg. Her budde han i periodar og fann inspirasjon til bl.a. "Våren".

Ullensvang med sine 650.000 frukttre er landets største frukt kommune. 80 % av norske moreller kjem herifrå. Kvart år vert det arrangert NM i morellsteinspytting på Lofthus.Du er velkomen til å smaka moreller, plommer, eple og pærer i sesongen. Ein spasertur langs den informative Hardanger fruktsti er å anbefala uansett årstid. Lofthus er eit glimrande utgangspunkt for turar på Hardangervidda med nasjonalparken.


Køyretider med bil:

Frå Oslo ca 5 timer
Frå Bergen ca 3 timer
Frå Stavanger ca 4 timer
Frå Kristiansand ca 5 timer


Turar

Godt merka turstier
F.eks.mot Nosi via dei kjende Munketreppene, Stavali, Kjeåsen, Husedalen, Frøyneslia, Fruktsti.


Museum

Skredhaugen, Agatunet, Hardanger Folkemuseum, NVIM Tyssedal, Hardangervidda Natursenter, Baroniet i Rosendal


Fossar

Vøringsfossen, Låtefossen, Nykjessøyfossen, Skrikjo


Aktivitetar

Båtleige, Go-kart, Hardangertun Familiepark, Sommarskisenter, Sightseeing med sjøfly eller helikopter


Linker

VisitUllensvang.no

HardangerFjord.com



Lofthus Camping - Helleland - NO-5781 Lofthus - NORWAY

Tel.: 53 66 13 64 - Fax: 53 66 15 00

E-post: post@lofthuscamping.com - Web: http://www.lofthuscamping.com

Copyrights © 2008 Lofthus Camping. All rights reserved.

Webdesign by